...For kunnskap om vilt og forvaltning


 Fremside   /   Hjort   /   Elg   /   Villrein   /   Rovdyr   /   Småvilt   /   Forvaltning
line decor
 
 
 
 

 
 
Forvaltning  


Lavere avskyting i Danmark

Avskytingen i Danmark gikk ned med vel 5 % fra jaktsesongen 2006 til jaktsesongen 2007. Både rev, hare, duer og andefugler hadde synkende bestander mens rådyruttaket økte med rundt 5 %.


Ny nettside for viltrapportering

Robert Nyhus i firmaet Viltrapporten AS har utviklet et nytt system for innlevering av fellingsrapport samt innlevering av rapporter over blant annet jakttid og observerte dyr. En kan rapportere både over internett eller ved å sende en sms til 1963


Likevel ikke forbud mot blyhagl

Sverige hadde planer om et totalforbud mot blyhagl fra 1. januar 2008. Nå vil likevel ikke svenskene innføre forbudet, men det skal samtidig komme nye forskrifter som omhandler bruk av blyhagl på våtmark, ved skytebaner og ved ope vann/grunne innsjøer.


Dramatiske endringar i dei svenske viltstammane

I 1982 vart det skote 175 000 elgar i Sverige. I dag er avskytinga nede på rundt 90 000. I 1993 vart det skote 380 000 rådyr medan det under jakta i fjor haust truleg vart skote under 100 000 rådyr. For rådyret er forklaringa truleg at rådyrstamma tidleg på 90-talet var kunstig høg grunna reveskabb på 80-talet, men og at bestandane av gaupe har auka. Hare har i takt med auken i rev og gaupebestandane også vorte redusert medan villsvin(!) no er inne i ein kraftig bestandsauke. 

Det vil dermed ikkje vere noko stor overrasking dersom det om nokre år vert jakt på villsvin også i Østfold (red). 


27 000 store dyr er påkjørt i trafikken siste fem år

I fjor var det nedgang i påkjørslar på hjort medan kollisjonar med rådyr og elg auka. Det vert hevda at auka fart og betre vegar førar til at kollisjonsfaren aukar sjølv om det stadig vert lagt mykje innsats i viltgjerder og skilting. Det er samstundes merkeleg at påkjørslar på elg aukar sjølv om elgtettleiken verkar å vere på retur, medan påkjørsel på hjort går ned. Hjortetettleiken har truleg aldri vore større enn no. 


Svenskane vil ha småviltjakta for seg sjølv

I fylgje EU sitt regelverk kan ikkje svenskane diskriminere utanlandske jegerar som vil jakte småvilt i Sverige. Svenskane på si side har ei lov som seier at det er mogleg å kun tillate svenske jegerar å jakte i eit område, dersom jakttrykket vert for stort. Jegerforbundet i Sverige meiner at jakt for utlendingar kun skal vere tillate i område med lågt jakttrykk, og i tillegg må utanlandske jegerar ha med seg ein "svensk" jeger som kjenner svenske jakttradisjonar. I dag står utanlandske jegerar for halvparten av det totale talet jegerdagar i fjellet. 

Jordbruksdepartementet i Sverige reviderer i desse dagar dei svenske reglane for å harmonisere dei med EUs regelverk. I fjor haust vart norske jegerar skulda for å skyte svenske rypebestandar i filler (red). Link